top of page
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Google+ Icon
  • White Instagram Icon

Velkomen til gards

Eplemost av økologiske epler
Eplemost

Eplemosten er laga av økologiske eple frå Flattun gard. Vi nyttar ein komposisjon av fleire norske sortar, for å få med breidda av god eplesmak, passe med syre og passe med sødme. Epletrea har ikkje vore sprøyta med kjemikaliar, og trea får kun økologisk godkjent gjødsel. 

2

3

1

Epla vert handplukka og sortert. Berre dei beste epla får verte most. Vi har trent opp ein hjernekirurg til å plukke epla våre. Han har nådd toppfarten sin, så vi leiger inn litt hjelp til han. 

Epla vert pressa og tappa på flaske hjå Balholm, kjent for høg kvalitet på alle sine produkt.

Eplene veks i mineralrik jord som gjer epla sunne og friske. Dei treng ikkje kjemikaliar, og trea får berre sol og vatn. Kunstgjødsel kan dei berre drøyme om.

Det som skal brukes Debio_O-merke_Kode_W
Flattun Gard
Garden

På staden der Flattun Gard ligg i dag har det budd folk lenge. Sannsynlegvis var garden ein av dei fyrste stadane ein busette seg i Gaupne etter istida. Landet låg lågare grunna nedpressinga frå isen, og strandlinja gjekk like nedanfor garden. Seinare, når landet heva seg, vart Flattun ein av stadane i Gaupne der ein kunne vere relativt trygg for flaum når Jostedøla gjekk over breiddene sine. Garden ligg inn mot Gopnaberget som verkar som ein naturleg varmefangar og bidreg til gode tilhøve for vokster og avlingar. Jorda er lagt opp av breen når han i istida kvelde seg ned i fjorden nett her, før han seinare trakk seg attende oppover Jostedalen. Etter breen ligg det att mineralrik jord og stabil silt. Ein har drive med fruktdyrking lenge på Flattun. Under er eit klipp frå 1936-utgåva av "Hagebruk" som omtalar nyplantinga av frukthagen som fann stad i 1894, til erstatning for eldre sortar som gav mindre frukt. Oldefar til noverande eigar planta fleire ulike typar eple- og pæretre - og desse bar frukt heilt til 1980-talet, når hagen måtte vike for grasproduksjon.

​

I dag bur framleis same slekta på garden. Målesetninga no er å videreføre tradisjonen med variert fruktdyrking, og planen er å bygge opp att frukthagen. Frukdyrkinga skal vere økologisk og berekraftig. Vi vil satse på høge, gammaldagse frukttre, med god avstand mellom trea for å halde sopp og sjukdommar borte. Dei skal få vekse og trivast naturleg utan nedbinding og unødig nedklipping - avdi vi trur at ein frisk og vakker frukthage gjev den beste frukta.

Flattun Gard - Gnr 81 Bnr 1 og Gnr 83 Bnr 114 i Luster kommune - Eigar: Bård Flattun Lilleeng - Areal 588,5 da -
Gaupne gamle kyrkje - Næraste nabo til garden er Gaupne gamle kyrkje frå 1647.

Kontakt
bottom of page